Avgiftsøkning på fossil fyringsolje og anleggsdiesel vil føre til sterk økning i salg av biofyringsolje og biodiesel, mener Geir H Ingeborgrud, daglig leder i Eco-1

Utklipp fra Nationen, 28122013:

«Etter avgiftsauken på 81 øre per liter for anleggsdiesel og fyringsolje frå nyttår vil det for mange ifølgje selskapet Eco-1 bioenergi AS vere pengar å spare på å skifte frå fossile til fornybare energikjelder. Biofyringsolje og biodiesel slepp unna heile avgiftsauken, og skal dermed kunne bli konkurransedyktig på pris på store delar av Austlandet.

- Vi trur marknaden vil vekse med 70 prosent neste år, og hovuddelen av veksten vil kome som følgje av avgiftsauken. For dei som ikkje har tilgang eller har sett alternativa, er avgiftsauken på 81 øre pluss moms ein stor ekstraskatt. Mange kan derimot spare inn delar av ekstrakostnaden ved å leggje om til biobrensel, seier dagleg leiar og medeigar Geir H. Ingeborgrud i Eco-1 bioenergi AS.

Han kallar avgiftsendringa det kraftigaste miljøtiltaket som er gjort frå styresmaktene på ti år.»

 

LES MER:

Nationen 28122013 GHI